tirsdag 9. februar 2010

tralla-la..

Eg må le.
I går skreiv eg at eg ikkje har noko å skrive om. Det gjeld egentleg i dag også, MEN i løpet av dei 4 timane vi hadde undervisning i dag, rakk vi å trylle fram kvar sitt collage.
Og DET må visast fram. Off course!!


I går laga vi mange avtrykk av ulike overflater/tekstur, også kalla "rissing" på ein måte. Men vi har brukt sverte, og er i begynnerfasen til grafikk! Av desse avtrykka vi laga i går, laga vi collage av i dag.
Temaet er "Fjellandskap".

Eg skrønte godt og sa at motivet mitt var frå Sunnmøre. Men det er det nok ikkje. Eg har aldri sett dette landskapet før. Eller jo, deler av det!.. *LER* Litt inspirert av hjørundfjorden, det må eg seie at eg var. Men ja, akkurat dette motivet eksisterar ikkje i realiteten. Hmm, muligens må eg nok krype til korset i morgon og innrømme at desse fjella ikkje eksisterar. Hadde vore litt flaut om læraren og medstudentar rota seg opp til Sunnmøre for å oppleve den vakre naturen, og viser eit bilete av "PERLA" (sitat:astri) på Sunnmøre til ein guide. Trur den guiden må klø seg godt i hovudet då. Ok, iveren tok overhand i dag.
It might happen..

Ganske imponerande kva ein gjeng lærarstudentar kan trylle fram på 4 timar? ;)


Ha ein fin kveld!
No skal eg på nærbutikken og kjøpe brød. Og skrive rapportar til krampa tek meg. Neeeida, krampa vil nok ikkje ta meg, er er nemleg so og seie ferdig!.. ;)

mandag 8. februar 2010

JIPPI!!

Eg hadde planar om å la bloggen ligge litt i fred framover, fordi eg er midt i ei bloggidentitetskrise - atter ein gong!! Min definisjon på bloggidentitetskrise er; tomt for idear og skrivesperre, ei sperre som gjer at eg ikkje klarer å skrive blogginnlegga på ein gøy måte lengre. Det blir litt for mykje aggresjon retta mot til dømes bussen! *SMIL* Og eg vil ikkje berre å ha sinte blogginnlegg, det er ikkje meininga.. *LER*
Men frykt ikkje, eg skal anstrenge meg for å ikkje gå amok med slettinga igjen.. Vi held på med noko utruleg kjekt på skulen for tida, og kjenner eg meg sjølv rett, so måååå eg nok ta skrytebilete og vise heile verda (som er innom denne bloggen) kva vi lager..

Bilete er *kremt* tjuvlånt frå bloggen til Emmeline.

MEN no, ut av det blå, skriver Siv i kommentarfeltet mitt at eg har vunne i ei konkurranse hjå Emmelines, og eg har sett det med eigne auge! Og den nyhenda må rett og slett ut til folk i det langstrakte land! Eg er jo berre superheldig:) For omtrent eit år sidan vann eg to store lekre lysestakar hos LivingWhite, og no har eg vunne eit kjempefint serveringsbrett hos Emmelines!..
Ok, eg skal aaaldri klage over at eg ikkje vinner meir.
I promise!

(No gjenstår berre å få litt vinnerlukke i spel også;)

søndag 7. februar 2010

For Haiti

I kveld har eg vore på ein flott konsert, med kjente og kjære artistar frå Bergen. For å nevne nokre namn: Rune Larsen, Tor Endresen, Natalie Nordnes, The Owens og fleire eg ikkje hugsar namnet på. Det var eit bra opplegg, med litt orientering og opplysningar frå både utanriksjournalist og verdamer.
Heile episoda for å kome meg til byen er gløymt etter denne flotte opplevinga. Ok, sidan du vart litt nysgjerrig på dette, so kan eg nemne at då eg nesten var halvvegs til sentrum -til fots - kom eg på at billetten låg i den andre veska, dermed måtte eg trave meg heim - til fots. Og prøve å rekke ein buss i siste liten istadenfor. Men det gjekk fint det altså. Ingen sure miner. Lengre;)


GOD SØNDAGSKVELD

fredag 5. februar 2010

What's for dinner??

I dag blir det biff, råsteikte poteter, bearnesesaus og salat :) *FRYD*
Eg kjem til å bli trillfeit, men LA GÅ! Eg har vore på ein lang spasertur nemleg;)


torsdag 4. februar 2010

Kortlaging.

Guri, nå ser jeg på bilda at jeg har fargelagt skikkelig dårlig!! Jaja, kortet er pakket ned i en konvolutt og venter på at postdamen skal ta det ut i morgentidlig. Er veldig glad for at jeg ikke skal tilbringe natten i en rød postkasse i -5 grader.. Men får satse på at kortet har selskap fra mange andre kort, kanskje noen som skal helt til India eller Brasil. Håper kortet mitt ikke blir missunnelig siden det bare skal til Valderøya.. :)

Krus uten persille..

Måtte sjølvsagt slenge ut bilete på bloggen min av kruset eg laga under praksisen.. Sjølvdiggar og kjepphøg som eg er.
Det var veldig kjekt å ha fagpraksis i Kunst&Handverk, der vi jobba med leire i 5 veker! :)
Vi studentene måtte jo øve oss vi også, so dermed vart det laga eit krus.. For den som lurer, so er dekoren eit avisklipp påført med silkeramme. Ikkje spør meg korleis silketrykk fungerar, for ich has no clue.

Shopping..

Eg er imponert av eigen innsats når det gjeld shoppingboikotten mitt, eller innsats og innsats fru blom, det skyldast vel kanskje mest latskap?.. Men uansett, eg rusla rundt i byen etter noko smånips å putte i konvolutten til eit søskenbarn som blir 9 år snart.

På H&M-barneavdelinga fann eg eit diadem og ein lipbalm.. Trur det skal falle i smak.. Var litt usikker på fargen, men eg veit at denne lille frøkna elsker lilla. So då må det vel gå?..
Innimellom HelloKitty og plastikksmykker fann eg også nokre herlege perleøyredubber. Litt bling i elskbare fargar.. Høhø.. So desse øyredubbane blei med i posen til meg sjølv..


Eg fann også nokre fiiine litt større øyredubbar på H&M. Dei vegde nesten ingenting, dermed får eg ikkje hengeflippar som tek ned i bakken av dei.. :)
Allrait.
That's it.